Foto: Vidar Ruud / NTB/ NPK
No blir det kraftig straumprishopp i Sør-Noreg
– Klokka 17 stig spotprisen i NO2 (Sunnhordland til Buskerud) til 5,80 kroner/kWh, før nettleige og avgifter, skriv Europower.
Til samanlikning held dei låge vinterprisane i nord fram måndag, der snittprisen blir på 5 øre/kWh
– Altså er straumprisen før nettleige og avgifter i NO2 40 gonger høgare enn i NO4. Dette er heilt ekstreme forskjellar. Prisdifferansen på over 2 kroner/kWh mellom desse to prisområda har vi ikkje sett sidan straumpriskrisa i desember 2022, med unntak av dei to spesielle dagane i desember i fjor, skriv Europower.