Grunneigarar, kraftutbyggjarar, Fylkesmannen, kommunen og andre interesserte hengde med på den dryge tre timer lange marsjen i samband med synfaringa på Rullestad og i Bordal 18. juni i fjor.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Nei til full utbygging
Regjeringa seier nei til full utbygging av småkraft i fjellet ved Rullestad. Utbyggarane klør seg i hovudet medan friluftsfolket er nøgde.
Regjeringa har landa i spørsmålet om kor mange småkraftverk Rullestad og Skromme energi AS skal få bygge ut i fjellet ved Rullestad i Etne. Olje- og energiminster Tord Lien (Frp) har gitt grønt lys for eit samla volum på 77 GwH, noko som er berre halvparten av det Småkraft AS har sagt må til for å få til ei lønsam utbygging.
Vedtaket, som er ein kongeleg resolusjon i statsråd frå sist fredag, er i praksis lik innstillinga som Noregs vassdrags- og energidirektorat gav i 2014.
Sparar naturperler