Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Naturoppleving med fantastisk utsikt

Publisert Sist oppdatert

Høgt oppe i lia eitt par kilometer frå Skånevik sentrum ligg villmarksleiren til Skånevik Naturoppleving. Med ei fantastisk utsikt over fjell og fjord, og med naturen tett på, byr eit besøk på leirplassen på Åsheim i Skånevik på opplevingar ein seint vil gløyma. Her kan besøkjande nyta eit godt måltid mat frå gapahuken ytst i fjellsida, eller kosa seg i selskapslokalet litt lenger inne på tunet. I tillegg til god mat og drikke, er det lagt til rette for ei rekkje aktiviteter som passar både små og store. Bogeskyting, øksekast eller ulike lagaktivitetar der folk kan konkurrera i grupper er noko av aktivitetsutvalet eigaren av leiren kan tilby, og når dagen går mot hell er det tid for å fopp bålet og henta fram kaffikjelen og steikjepanna.

-Pannekake med kaffi er kjekk turmat som ein enkelt kan laga på bål. Me har mange bålplassar her i leiren, men i gapahuken kan me sitja under tak, seier Lars Rune Langhelle og kastar ein ekstra vedpinne på bålet for å halda kaffikjelen varm.

Gapahuken er ein populær samlingstad, og med nyinnkjøpte hengekøyer som har fått plass like ved gruva har leiren fått sitt første overnattingstilbod.

Powered by Labrador CMS