Mann funnen død
Namnet frigitt: Politiet meiner Alf Magnar (64) blei drepen
Det var Alf Magnar Habbestad (64) frå Ølensvåg som blei funnen død i Ølensvåg natt til sundag.
Det melder Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding tysdag ettermiddag.
Politiet fekk melding via AMK om at ein mann var funne død på ei privat adresse i Ølensvåg klokka 04.06 natt til søndag.
Politiet stadfestar samstundes at det er mannen si 47 år gamle kone som no er sikta for drap.
Ho ble tysdag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.
Ifølgje NTB har anka kvinna tingretten i avgjerd om varetektsfengsling på staden. Forsvarer Erik Lea reknar med å skrive anken og sendt den i løpav onsdag.
— Den sikta erkjenner ikke straffskuld, sier politiadvokat Christine Kleppa.
Navn og bilde er frigitt i samråd med dei pårørande, skriv politiet.
Trykk på linken: Les alle artiklane Grannar har skrive om saka her.