Kommunalsjef Sigurd Gjerdevik for helse informerte om prosessen mot å eventuelt gå ned til ein sjukeheim.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Nærmar seg sjukeheimsavgjerd
Ei arbeidsgruppe skal snart kome med si anbefaling for korleis sjukeheimsdrifta i Vindafjord bør organiserast framover. Eit av tre alternativ er å samle alle sjukeheimsfunksjonar på Vindafjordtunet i Vats.
— Endring må til før eller seinare, og me bør få til ei samling av institusjonstenestene på ein eller annan måte, sa kommunalsjef Sigurd Gjerdevik i eit formannskapsmøte tysdag.
I dag har Vindafjord to sjukeheimar: Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet i Vats. Konsulentselskapet Agenda Kaupang foreslo i ein rapport i fjor å gjere om sjukeheimsplassane ved Ølen omsorgssenter til omsorgsbustader med bemanning for å møte dei demografiske utfordringane framover.
I budsjettet for 2025 og økonomiplanen for 2025–2028 blei det vedteke at kommunedirektør Yngve Folven Bergesen kan setje i gang arbeidet med å samle institusjonsplassane på Vindafjordtunet.