25-21-Klatrevegg Vikedal 8
Klatreveggen skal komme i denne enden av hallen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Klatreveggen skal komme i denne enden av hallen.
Ernst H. Holten Leifsen (t.v.) og Ola Skipevåg tar imot gåva frå banksjef Magne Christiansen ved SpareBank 1 Sør-Norge sitt kontor i Ølen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ernst H. Holten Leifsen (t.v.) og Ola Skipevåg tar imot gåva frå banksjef Magne Christiansen ved SpareBank 1 Sør-Norge sitt kontor i Ølen.
Ernst H. Holten Leifsen (f.v.) og Ola Skipevåg fortel om klatreveggen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ernst H. Holten Leifsen (f.v.) og Ola Skipevåg fortel om klatreveggen.
Klatreveggen skal komme i Vikedal Idrettshall. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Klatreveggen skal komme i Vikedal Idrettshall.

Nærmar seg nytt tilbod

Ei lokal initiativgruppe jobbar for å få bygd ein klatrevegg i Vikedal Idrettshall. Med ei gåve på 300.000 kroner frå SpareBank 1 Sør-Norge har dei håp om å få realisert prosjektet våren 2026.

Publisert Sist oppdatert

— Me vil ha klatrevegg for å skapa eit tilbod til barn og unge i heile kommunen, seier Ernst H. Holten Leifsen.

Saman med Ola Skipevåg, Jarl Andre Holten Leifsen og Monica Reimers Holten Leifsen utgjer han gruppa som har teke initiativ til klatreveggen. Gruppa har fått tommel opp frå styret i Vikedal Bygdahus og Idrettshall til å byggja veggen der. Dei har òg fått prosjektet prosjektert og teikna av Tjelmeland Friksjon AS, som òg skal levera anlegget.

Lågterskeltilbod

Klatreveggen blir 8,5 meter høg og 12,5 meter brei, og vil innehalda 12 klatreruter. To av rutene vil vera utstyrte med autobelays, som gjer det mogleg å klatra utan ein eigen sikrar. Fallunderlag skal kjøpast inn og brettast opp når veggen ikkje er i bruk – både for tryggleik og for å hindra uautorisert klatring.

Initiativtakarane har ambisjonar om å få til faste klatreøkter to gonger i veka, fordelt på tre aldersgrupper: 1.–4. klasse, 5.–7. klasse og 8. klasse og oppover. Det skal òg vera mogleg å bruka veggen utanom desse tidene for dei som har naudsynt kompetanse.

For å senka terskelen for deltaking skal det òg gjennomførast opplæring i tryggleik og sikring, og gruppa vil etablera eit internkontrollsystem for anlegget. Instruktørkurs for fleire av dei involverte er alt planlagde.

— Det er eit tilbod for eksempelvis dei som ikkje er med i lagidrett. Klatring er ein sport der alle kan oppleva meistring, seier Ernst H. Holten Leifsen.

Gruppa har ambisjonar om å bruka klatreanlegget til meir enn berre fritidstilbod. Det skal jobbast for samarbeid med kommunen og integreringstenesta, slik at hallen kan opnast på dagtid for grupper som vanskelegstilte skuleelevar, flyktningar og andre som treng eit lågterskeltilbod. I tillegg skal det vera mogleg å søkja fritak for årleg avgift for familiar med låg inntekt.

Klatreveggen skal komme i denne enden av hallen.

Ventar på spelemidlar

Ola Skipevåg og Ernst H. Holten Leifsen var på plass i idrettshallen då dei fekk gåva på 300.000 kroner overrekt av banksjef Magne Christiansen ved SpareBank 1 Sør-Norge sitt kontor i Ølen fredag 23. mai.

Prosjektet er rekna til å kosta cirka ein million kroner, så bidraget blei godt teke imot. Framdrifta vidare er avhengig av spelemidelsøknaden vår. Går det fint, manglar det 100.000 kroner.

— Dei siste 100.000 skal me klara å finansiera. Tidsperspektivet avheng av spelemidlar. I beste fall kan den vera på plass våren 2026, fortel Skipevåg.

Timinga for bygging på våren tenkjer han passar bra med at fotballtreningane trekkjer ut frå idrettshallen til fotballbanane på denne tida av året. Holten Leifsen fortel at dei har søkt om støtte ein del stader, og jobbar mot alle bedriftene i kommunen. Det har kome inn ei rekkje gåver, blant anna 100.000 kroner frå Mowi.

Klatreveggen skal komme i Vikedal Idrettshall.

Glad for ny aktivitet

I oktober 2024 heldt initiativtakarane eit bygdemøte på Vikedal Bygdahus for å informera om prosjektet. Då dei søkte støtte hos SpareBank 1 Sør-Norge, viste dei til at initiativet har fått brei støtte frå bygda, og at mykje tyder på at dette er eit tilbod mange ventar på. Også hos banken skapte dei begeistring.

— Det er alltid kjekt å gje gåver. Me prøver å variera og gje til dei ulike bygdene. Dette er den første klatreveggen i Vindafjord, og det er alltid bra med ny aktivitet, seier Christiansen.

For tida deler banken ut gåver til 16 idrettsinitiativ i Suldal, Sauda og Vindafjord. Blant anna fekk Vindafjord IL overrekt 80.000 kroner til ballbingar og ballvegg til kunstgrasbanen i Sandeid av Christiansen same dag som klatregruppa i Vikedal.

Ernst H. Holten Leifsen (t.v.) og Ola Skipevåg tar imot gåva frå banksjef Magne Christiansen ved SpareBank 1 Sør-Norge sitt kontor i Ølen.
Powered by Labrador CMS