Senterleiar Ester Osvåg er glad for at Etne senter nå kan tilby seks nye lynladarar til kunande på Etne senter. FOTO: RENATE SÆVAREID
Senterleiar Ester Osvåg er glad for at Etne senter nå kan tilby seks nye lynladarar til kunande på Etne senter.

Nå kan fleire lada samtidig

Etne senter har gått frå èin til seks el-billadarar. Nå står alle klar til bruk i den nye ladeparken.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag denne veka stod seks nye Eviny-lynladarar klare til bruk på Etne senter. Det er også lagt til rette for at dei kan setja opp fleire ladarar dersom det blir behov.

— Me er glade for at me har fått utvida ladeparken på senteret. Så nå kan kundane lada bilen medan dei handlar på Etne senter, seier senterleiar Ester Osvåg.

Eviny ladeplassen har totalt seks parkeringsplasser, med seks lade uttak. To av plassane har CHAdeMO uttak, i tillegg til CCS, så alle bilar på det norske markedet kan ladast på denne plassen. Ladarane kan levera inntil 400kW per plugg.

For alle el-bilar

For over to år sidan byrja dei prosessen med å få fleire ladarar på senteret. Det har vore ein lang prosess, men nå er senterleiaren glad for at det endeleg er på plass. Etne senter har tidlegare hatt éin ladar, medan Coop Extra har hatt fleire. Men med stadig fleire elbilar på vegen har Etne kommune også sett behovet for fleire ladarar og vore i kontakt med Etne senter.

— Det har vore stor etterspurnad og eit tydeleg behov for fleire ladarar i Etne, seier Osvåg.

Ladeparken har totalt seks parkeringsplassar med seks ladeuttak. Alle bilar på det norske markedet kan ladast her. Det er det lokale entreprenørfirmaet Brødr. Flatebø AS som har gjort grunnarbeidet.

Dei nye ladarane er i enden av parkeringsplassen til Etne senter.
Powered by Labrador CMS