Veronica Vestre Pettersen og Aleksander Sirnes Pettersen opnar Spenst Skjold på nyåret. Satsinga på eit nytt treningstilbod i bygda gjer ekteparet saman med Veronica sin bror, Jan Morten Vestre, som ikkje var til stades då biletet blei tatt.
FOTO: Ann Margit Grønstad
Nå blir det liv i dette lokalet igjen: – Mange som er fornøgde med at det skjer noko her
Lokala i Skjoldavikvegen 59 har stått tomt i rundt fire år, etter at treningssenteret som tidlegare heldt til der blei avvikla. Men nå blir det treningsglede i lokalet igjen. Ekteparet Aleksander Sirnes Pettersen og Veronica Vestre Pettersen satsar saman med Jan Morten Vestre på å opne Spenst Skjold – eit treningssenter med fokus på både trening og fellesskap.
– Det er mange som er fornøgde med at det skjer noko her, seier Aleksander.
Han fortel at bygget lenge har vore i dårleg stand, med lekkasjar og lite vedlikehald.