Sjøaure med lakselus.
Foto: Rune Nilsen / Havforskingsinstituttet
Mykje lakselus på sjøaure
Dette kjem fram i den førebelse rapporten frå den nasjonale overvakinga av lakselus på vill laksefisk (NALO), skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.
For villaksen er situasjonen noko betre. Årsaka til den store forskjellen på laks og sjøaure kjem av at dei ikkje oppheld seg på same stad.
– Medan postsmolt av villaksen sym fort gjennom fjorden og ut i havet når han har vorte stor nok til å forlate elvane, oppheld sjøauren seg i fjordane og langs kysten i større delar av året, seier Nilsen.