Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Helge Jordal (t.v.), saman med Berit Håpoldøy og Lars Hammersland, byr på ei musikalsk reise til Amerika.Pressefoto
Helge Jordal (t.v.), saman med Berit Håpoldøy og Lars Hammersland, byr på ei musikalsk reise til Amerika.Pressefoto

Musikalsk reise til Amerika

Publisert Sist oppdatert

Skodespelar Helge Jordal frontar ei Musikalsk reise til Amerika» som for tida er ute på vegane. Den profilerte bergensaren har med seg musikarane Berit Håpoldøy og Lars Hammersland. Saman har dei laga det musikalske tilbakeblikket som handlar om tida frå midten av 1800-talet til tidlig 1900-talet då nær éin million nordmenn utvandra til Amerika. 26. september er turen komen til Etne og konsertsalen Pink Cadillac i Old River Saloon.

God ramme

Dei tok sjølv kontakt med Saloonen fordi dei meinte utestaden har den perfekte ramma rundt denne spesielle reisa. Mellom songane fortel Jordal historier om fattigfolk, håp og fortvilelse, indianarar og morosame betraktningar frå dei som lengta heim. Musikken er ei blanding mellom eigenkomponerte songar og eldre viser. Førestellinga har ei herleg blanding av spøk og alvor. Trekløveret har samla fulle hus (med koronareglar) der dei har stått på scenen.

Powered by Labrador CMS