Mathias Høyland frå Etne spelar ei av hovudrollene i Nøtteknekkeren som har premiere i Festiviteten komande fredag.
Foto: Haugesund barne- og ungdomsteater.
Musekongen frå Etne inntar scenen
Nærare 60 barn og ungdom frå Haugesund barne- og ungdomsteater står på scenen i årets store juleførestilling, Nøtteknekkeren. Premieren fredag 22. november blir den første av i alt 13 framsyningar på hovudscenen i Festiviteten. Skodespelarane er i alderen 7 til 18 år, og Mathias Høyland er ein av hovudrollehavarane.
— Sukkertøyland er ikkje utan trugslar. Det luskar nemleg skumle mus rundt om i landet, og i spissen har me musedronninga Muserinke og mannen hennar, musekongen. Og når Muserinke blir skadd i ein kamp mot Nøtteknekkeren, svergar musekongen hemn. Musekongen er vond, med ein forferdeleg latter og ukontrollerte sinneutbrot, seier Høyland, som sjølv spelar rolla som musekongen.
Fekk rollene i sommar