Milliardær John Fredriksen og hans Mowi hadde eit godt første kvartal i 2022.
Foto: Ole Berg Rusten / NTB / NPK
Mowi deler ut over ein milliard kroner i utbytte
Driftsresultatet er nesten ei dobling frå 109 millionar euro i same periode året før. Selskapet, der milliardæren John Fredriksen er største eigar, omsette for 1,095 milliardar euro i første kvartal.
Mowis første kvartal var prega av kraftig auke i prisen for laks på grunn av sterk global etterspurnad og lågt tilbod, skriv selskapet i ei børsmelding
onsdag.
– Auken i lakseprisane etter pandemien har vore imponerande. Laksen er eit fantastisk produkt med unike eigenskapar som også dreg nytte av sterke megatrendar, og eg trur dette kjem til å styrkje etterspurnaden vidare framover, seier konsernsjef i Mowi, Ivan Vindheim i meldinga.