Motorhavari i Etnefjorden

Det var på morgonkvisten måndag, like før kl 06.00, at politiet fekk melding om at […]

Publisert Sist oppdatert

Det var på morgonkvisten måndag, like før kl 06.00, at politiet fekk melding om at ein mann låg og dreiv i Etnefjorden med motorhavari. Redningsskøyta Bergen Kreds» er varsla og er på veg mot havaristen.

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at ei øydelagt startsnor er årsaka til at han ikkje får start på påhengsmotoren. Han er godt utstyrt med redningsvest, klede og mat, og er ved godt mot.

Powered by Labrador CMS