Processed with VSCO with p5 preset

Moa på nye eventyr: Til toppen av Himalung Himal 7.125 moh

Me går gjennom natta. Det er minus 45 kuldegrader. 15 m/s. Det er kaldt, og lett å få frostskadar. Eg dekker over gamle arr som toppen av Mont Everest gav meg året før», skriv Moa i dette eksklusive reisebrevet til Grannar.

Publisert Sist oppdatert

Himalung Himal, eit fjell som strekker seg over 7.125 meter over havet. Eit fjell som ligg gøymt blant det mange dalar i Nepal, som er langt meir prestisjefylte og anerkjent enn Phu Valley. Fjellet ligg i Annapurna regionen, fer blant anna Annapurna 1, 2 og 3 ligg som blant verdas farlegaste fjell. Og ikkje minst er det det eg har kalla ein av geitene mine, Annapurna av mora Himalaya.

Dalen opp mot hovudleiren til fjellet speglar seg i gammal tradisjon her sherparane lever i steinhytter med strå og leirtak. Dei mjølkar nok kyrne sine for mjølk, kjøtt og skinn. Og så er dei i bruk til transport av mat og utstyr til landsbyen. Dei dyrkar det dei et, hovuddel poteter, men også grønt som brokkoli og gulerøter.

Dei er kledde i lange stakkar med forkle utanpå som syn på dei er gifte og vil stifta familie. Dei har store smil og gir uttrykk for at dei er vennlege og gjestfrie. Barna i landsbyen har lært å strekka ut hender for tilgang på søtsaker. Det er ei glede å få gi litt til dei som gir så store inntrykk på vår sjel og hjarte. Det litle me gir, gir store smil, dans og glede. Alltid kjekt å få ta del og oppleva deira liv og fjerne kvardag frå vår vestlege.

Målet med turen var igjen å få dykka inn i ei ukjent verd, reisa tilbake 150 år i tid, oppleva det primitive landbrukslivet til ei urbefolking i eit av verdas eventyrlegaste fjellkjedar i verda, Himalaya. På vegen ville me oppleva toppen av eit 7.000 meter fjell som ikkje er prega av masseturisme, prestisje og deriblant bli Noregs første besøkande på Himlung.

Utsikt frå toppen. Glede i hjerta. Sliten i kroppen. Foto: privat
Utsikt frå toppen. Glede i hjerta. Sliten i kroppen. Foto: privat

Med ski i bagasjen

På turen hadde eg med ski, eg ville stå på ski ned fjellet. Ettersom fjellet ikkje var teknisk prega ville det vera mulig å oppleva nedturen med ski på beina, for første gong for min del i den austlige verda.

Vegen dertil må først tilpassast. Ein må ta vare på seg sjølv, drikka vatn, få nok mat i seg og ha det bra. Men kanskje av det viktigaste; å halda hovudet motivert mot målet. Ein kan føla seg sterk og beherska med å leva med lite oksygen, men om motivasjonen og psyken ikkje er på plass kan målet vera hardt å nå. På Mont Everest i fjor var kroppen min prega av mykje sjukdom gjennom heile mitt opphald mot toppen, men viljen min var ekstremt på plass for å yta det som skulle til for å nå det målet. Og det klarte eg til tross for fysikken ikkje var på mi side. Og derfor ser ein at det meste sit i topplokket uansett kva mål eller retning ein vil i livet.

Reisefølgjet denne gongen bestod av meg, og Elisa Røtterud. Eit kvinnfolk frå motebransjen og uendeleg med opplevingar frå heile verda bak seg, men no meir retta mot friluftslivet og naturen enn catwalken.

Ei inspirerande dame på mange vis, og me er gode på å laga god stemning med deilig blanda galskap. Ved vår side hadde me kvar vår sherpa. Eg bruke som regel dei eg har kjennskap til og veit vil strekka seg langt for å nå målet vårt, visa omsyn for kvarandre og gjera meg glad på tur. Tserring sherpa er 33 år, eller rettare sagt; han trur han er det.

Foreldra hans er usikker på kva årstal han er fødd på grunn av primitiv levestandar i landsbyen der han kjem frå, der tid og årstal ikkje alltid har den store betydninga. Men han tar det til sin fordel og bytter på når det passar seg å vera ein eldre kar eller andre gonger passar å vera yngre. Tilpassingsdyktig som alltid. Utanom usikker fødselsår er Tsherring min nepalske storebror, og eg er hans khanchi, som betyr minste i søskenflokken.

Han er ein vanvitig sterk person i høgfjellet. Bestig fleire 8.000 meter høge fjell etter kvarandre i løpet av døgn. Omgjengeleg og snill, passar på deg om du ikkje har dagen eller trenge hjelp med noko. Eg har stor respekt for han og hans familie som består av høgt respektert fjellklatrarar. Hatten av!

Moa8

Mot Phu Valley

For å koma frå Kathmandu til Phu Valley, som er utgangspunktet for starten av turen, er det 14 timar i bil og firhjulstrekkar. Me køyrer gjennom trafikkerte gater i Kathmandu til aude skogsvegar som viser deg høgdeskrekk frå bilsetet til 200 meter djupe stup ned i breelvar. HMS er ikkje ein tanke ein gong for grunnlaget av vegane. Køyrer ein utfor her, vil ein få ein sikker død. Men til fordel for seg sjølv blir ein paralysert av landsbyar og dei kvite fjella som strekkjer seg til vêrs i det fjerne, som tar vekk dødsangst og skremsel for å hamna på hovudet ned i ei breelv.

Me er eit lite følgje som reiser ilag. Oss og sherpaene. Me får hjelp til det meste av bagasjen oppover. Eg likar best å hjelpa mest mulig til, bera så mykje som er mogleg sjølv. Eg har reist med tung sekk før i høgda, så ein tåler meir enn ein anar. Så eg bidrar. Dei fleste andre turistar har kamera i sekken og ei flaske vatn – and thats it! Eg tenker at dei fleste bør ha så pass vet å bera meir enn som så i fjellet. Mange tar med seg alt for mykje opp i fjellet. Utstyr på 30, 40 og 50 kilo! Det er for mykje, ein berar får same betaling om han ber 20 eller 40 kilo på ryggen. Det er ikkje greitt! Skal ein inn i fjellet med så mykje drit av bagasje, bør ein ta ansvar for å bera store deler av den sjølv.

Eg hadde 26 kilo med meg inn i fjellet, minst 10 kilo bar eg av den sjølv, som gjer at beraren treng berre ta maks 16 kilo av min bagasje. Til ettertanke for mange!

Utsikt frå toppen.
Utsikt frå toppen.

Stad for draumar og skryt

Pust inn, pust ut. Prøva å få mest mulig utbytte av oksygenet som ein pustar i. Dagane gjekk og me passerte unike og gamaldagse landsbyar. Dei ser fråflytta ut, men somme plassar bur det tre stykke, andre stader 17. Landskap gir uttrykk for at me nærmar oss Tibet. Landet nordmenn ikkje har hatt adgang til på mange år på grunn av usemje med China og Noreg om ein utdelt nobelspris. Eg får følelsen av Afghanistan, tungt væpna amatør soldatar vil koma til syne… men sannheten er berre små fine sherpa familiar som lever i fjellsidene med sitt primitive jordbruk som prøver å overleva vinteren med det dei hausta inn løp av årstidene.

Eg føler meg sterk. Ingen teikn til mangel på oksygen i kroppen. Elisa derimot blei dårleg tidleg på turen. Me var vel rett over 3.000 moh då ho blei dårleg. Ho skeit i bøtter og spann, fekk blå lipper og såg nok så bortreist. Eg og tserring hjelpte ho med det me kunne, mentalt og fysisk. Men det er berre ein som kan reisa seg frå det, og det er ein sjølv. Blir ein dårleg i fjellet så må ein begynna eit grundig arbeid med å reisa seg sjølv frå ein psykisk knekk for å nå målet til slutt. Og det er tyngre enn ein sjølv anar før ein har vore oppi det. Høgda gjer ikkje berre noko med deg fysisk, men òg psykisk. Mangel på tilstrekkeleg oksygen gjer at kroppen sakte, men sikkert blir broten ned.

Me nådde hovudleiren løp av seks dagar. Elisa var i dårligare forfatning enn meg, men me var der me skulle. Me var rastlause og var ikkje klare for å opphalda oss i basecamp meir enn nødvendig. Me ville opp, akklimatisera oss godt og støyta mot toppen.

I basecamp et me god mat, me møter gamle kjente, og nye fjes. Personleg så likar eg best å vera med sherpaene eller med meg sjølv i teltet. Hovudleirar blir ofte eit samlingspunkt for mange drøymar, men òg skryting, og prestisje. Det likar eg ikkje, eg har aldri halde på med lange turar og høge fjell for status. Men det er dyre turar som følgjer med status. Normalt pleier eg å snakka lite om kva eg har gjort eller kvar eg vil. Fordi når du er ei unge jenta med langt lyst hår, er du ei målskive til å bli slengt leppa etter. Spesielt frå kvite, rike menn. Eg blir kvalm. Og kunne eigentleg tenk meg å visa den lange fingaren til dei mange gonger, men det er lågmål og fører ingen nytte for nokon. Tenker alltid at me får måla krefter på andre måtar, så ser me kven som snakkast på toppen.

Fakta


  • Monica Hundseid (26), mest kjent som Moa, er ein eventyrar frå Vikedal som trass sin unge alder har markert seg sterkt i fleire år. Ho har blant anna kryssa innlandsisen på Grønland, gått Noreg på langs med søskenbarnet sitt, Kristina Hundseid, og lagt bak seg eventyrlege reiser Chile, Cuba og Alaska. I mai i fjor kunne ho planta det norske flagget på Mount Everst, verdast høgaste fjelltopp, på ein svært tøff tur der ho sleit med sjukdom. I haust blei ho valt inn i Vindafjord kommunestyre for Senterpartiet, men har alt tatt permisjon for å gjennomføra ein ny ekspedisjon, denne gongen til Himalung Himal i Nepal.

Rastlaus og klar

Puja er ein kjent og viktig tradisjon me gjennomfører saman med sherpaene, og lamaen som held tråd i seremonien. Me spør om å få lov til å klatra gudinna, som er fjellet. Og lykke på vegen. Me drikk øl, kosar oss. God mat, dans og joik blir faktisk òg med på laget. Me er glade for at me får ta del i ein slik fin tradisjon, me viser respekt.

Etter pujaen er det berre å venta på klarsignal frå himmelen. Om vêret er stabilt nok til å kunna besøka toppen. Me treng tre stabile dagar. Me høyrer fleire store lag har snudd på grunn av høg vind og kalde temperaturar. Me høyrer temperaturar ned i minus 40 kuldegrader, vind i opp i 17 m/s, som kan oftast føra til frostskadar. Me ventar tre dagar i hovudleiren før vår klarsignal var godkjent. Eg var så rastlaus …eg var så klar. Og spent på å renna på ski ned frå 7.000 moh. Eg har stått på ski så lenge eg har kunna gått. Men eg ingen skikøyrar, men eg er ikkje så opptatt av at alt skal vera så perfekt og staseleg, det skal funka og då er det godt nok for meg. Det er slik ein lærer av å utfordra seg sjølv. Eg har køyrt bratte grader før, men med telemarkski. Denne gongen skulle eg prøva ranodee ned, eg trur eg var elleve år sist eg hadde slike ski på beina. Dei fleste synst eg er gal, at eg burde trena, planlagt og styrt meir, men då ville ikkje dette vore eit eventyr.

Måten eg gjer det på nå er spennande, byr på risiko og eventyr.

Me et vår siste måltid i hovudleiren før me trekkjer oppover mot camp 1. Lett i kroppen og føler meg sterk. Elisa er fortsatt ikkje heilt i slaget, men eg trur det kjem til at psyken ikkje er heilt på plass. Motivasjonen. Det same gjeld meg. Eg er ikkje like svolten som vanleg, det er mitt fjerde år på rad i høgda. Eg har tilbrakt eit halvt år her dei siste åra i Nepal. Det merkast.

Camp 1 er fylt med tonn på tonn med sandhaugar og store steinar. Meir eller mindre eit grustak. Gleda er større då me kjem til camp 2 etter ei natt på førre teltplass. Søvnen var ok. Overnatting på 5.500 moh kan bli betre, men heilt overkommeleg med ein kropp som er godt akklimatisert mot høgda. Planen var å støyta direkte frå camp 2 kl. 23.30 på natta. Det er ein uhyggeleg start på morgonen. Stå opp etter 2,5 timar søvn for då igjen å gå i 18 timar i strekk. Toppnetter er det verste og det finaste på jorda, men mest vond.

Elisa er bekymra for siste etappe og bestemmer seg for å støyta mot toppen med oksygen. Det vil hjelpa kroppen oppover mot 7.000 moh. Og ikkje minst psyken. For min del blir det endå hardare å sjå andre fisa oppover i større fart mot toppen enn ein sjølv. Ikkje bra for sjølvtilliten og psyken, men eg har vore utan oksygen høgare enn dette fjellet, så eg veit det er mulig berre ein gir det litt tid og vilje.

To privilegerte sjeler som nyter morgonstund i eit av verdas mektigste fjellkjeder. Tynn luft men store smil.
To privilegerte sjeler som nyter morgonstund i eit av verdas mektigste fjellkjeder. Tynn luft men store smil.

I 45 kuldegrader

Me går gjennom natta. Det er minus 45 kuldegrader. 15 m/s. Det er kaldt, og lett å få frostskadar. Eg dekker over gamle arr som toppen av Mont Everest gav meg året før. Er ein uoppmerksam, skjer det feil, og ein lærer som regel av dei. Men store feil er ofte umulig å retta opp igjen. Berre tilpassingsmulige.

Me møter veggar som er 70 grader bratte. Det blåser harde snøkrystallar rundt oss. Elisa er lengre framfor meg. Eg sloss litt med motivasjonen. Toppen blir plutseleg ikkje så viktig. Eg har skia på ryggen. Eg kjenner eg burde ha meir å gi. Meir krefter å kvila på. Tserring gir meg varm te frå thermosen. Han ser at eg ikkje er like svolten så eg burde. Eg er i tillegg kald på beina. Khanci you can do it, just a bit further». Gode omtenksame ord frå Tserring gir motivasjon. Steg for steg tok oss nærmare toppen, men med mindre energi.

Eg la frå meg skia før toppen, Åsnes skia som skulle ta meg ned igjen. Eg fråskreiv meg draumen om å susa ned brattveggene med ski. Det kravde for mykje energi, som eg ikkje hadde. Risikoen for å mista kontroll var for stor. Me tok oss opp på toppen etter at Elisa og hennar sherpa hadde kome fram. Det tok éin time ekstra. Me smilte og tok bilde av oss på mange tusen meter mot himmelen. Me var glade, men slitne. Iallfall eg var sliten. Toppen gav oss 5 minuttar, det blåste så kraftig at me tok fatt i returen kort etter ankomst. Me skulle tilbake til basecamp same dag. På returen begynte eg å fantasera om at eg var med i ein film og ulike senario skjedde rundt oss, det er teikn på kroppen er trøytt og trenge meir oksygen og kvile. Kanskje litt å drikka også.

Det same skjedde i tøft vêr over 8.000 meter før, då er det på tide å ta turen ned mot havoverflata.

Klar for Vestlandet

Home is where the tent is. Bedre setning kan vel ikkje beskriva mitt liv dei siste åra. Brukande teltplass i hovedleiren til fjella i bakgrunnen deriblant Himlung gudinna.
Home is where the tent is. Bedre setning kan vel ikkje beskriva mitt liv dei siste åra. Brukande teltplass i hovedleiren til fjella i bakgrunnen deriblant Himlung gudinna.

Ned frå fjellet sprang lopper i blodet mitt. Eg var klar for å komma heim igjen til Vestlandet. Energien kom på topp igjen etter ei 0,5 liter flaska Cola. Eg ville heim og det raskt. Bestemte meg for det at eg skal ta ein pause frå Nepal ei stund, eg har bidrege til økonomiske fordelar, vennskap og gode minne. Men eg har kosta på familien min bekymringar, forureining til miljøet og fjellkjeda. Det er på tide med nye eventyr. Neste år blir fylt med andre kjende, men òg veldig ukjende utforskingar.

Enn så lenge skal eg nyta Fjellgardane nå gjennom vinteren, eg skal gå og stå på ski, eg skal køyra hundespann med bestevennene mine i himafjedlå» og eg skal ta meg nokre gode festar med vikedalsbuen. Når våren kjem blir det mange måtar igjen ute på nye galskap. Enn så lenge!

MOA

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS