Tang og tare er ikkje definert som sjømat, men det kan det bli ei endring på.
Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Ministeren vil vurdere om tang og tare skal definerast som sjømat
Det kan vere formålstenleg å gjere ei ny vurdering av om tang og tare skal innlemmast fiskeeksportlova, skriv fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i eit svar til stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).
Venstre-representanten stilte spørsmål om regjeringa ville ta initiativ til å endre fiskeeksportlova slik at tang og tare blir definert som sjømat, og at produkt laga av tang og tare dermed mellom anna kan promoterast av Sjømatrådet internasjonalt.
At tang og tare ikkje er definert som sjømat hemmar utviklinga av næringa og gir negative signal til moglege investorar, meiner Bjørlo.
Fiskeriministeren viser i svaret til at departementet tidlegare har vurdert og konkludert med at algar (tang og tare) ikkje kan bli definert som fisk eller fiskevarer. Noko av grunngjevinga var at ein mangla kunnskap knytt til algar, mattryggleik og helse. Europakommisjon skal greie ut dette, men resultata er ikkje klare enno. Likevel meiner Skjæran det er på tide med ei ny vurdering.