Nesten 100 elevar med foreldre tok turen til FAU sitt arrangement for å feire løft på uteområdet til Vågen oppvekstsenter i juni. Dette var eit av 14 anlegg i Vindafjord som fekk spelemidlar i 2024.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Millionar til anleggsløft
Dette kjem fram i ei oversikt i saksinnkallinga til eit møte i Utval for drift, utvikling og kultur (DUK) som blei haldt måndag.
Tur og idrett
For å kunne søkja spelemidlar, er det eit vilkår at anlegget er ein del av ein vedteken kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Prioritert handlingsprogram vert derfor rullert kvart år og skal i utgangspunktet spegla føringane i kommunedelplanen for idrett, friluftsanlegg og kulturbygg.
I 2024 har 14 anlegg fått tilsegn om spelemidlar, fordelt på seks ordinære anlegg og åtte nærmiljøanlegg, og går derfor ut av prioriteringslista.
Totalt blei det delt ut 4.368.700 til dei 14 anlegga. Aller mest fekk Ølen IL sin turveg Baslia-Bakka, med rett over to millionar. Fleire tur- og idrettsområde fekk pengar, så vel som uteområda ved oppvekstsentera i Sandeid og Ølensvåg.
Vil ha ny idrettshall
Det er meldt inn ni nye prosjekt til prioritert handlingsprogram for 2025. I saksinnkallinga står det at nokre prosjekt er komne langt i prosessen og har sendt inn søknad om spelemidlar, medan andre prosjekt er i planleggingsfasen.
Vindafjord IL planlegg å byggja eit lagerbygg og dommargarderobe med tilhøyrande tribune ved sida av kunstgrasbanen i Sandeid. I Vikedal skal det kome eit lysanlegg til pumptrackbanen. I eit Facebook-innlegg skriv Jarl Magnus Lien, som er ein av initiativtakarane bak banen, at lysa skal kome i november.
SK-Vats 94 planlegg å byggja ein idrettshall i Nedre Vats på bakgrunn av eit aukande behov for meir banekapasitet og innandørs treningsmoglegheiter i kommunen. I saksinnkallinga står det at idrettshallen vil bidra til reduksjon av slitasje på eksisterande banar og sikra at alle lag får tilstrekkeleg tid til trening og kampar. Dette er spesielt ynskja etter eit utvida samarbeid mellom Skjoldar IL, Vindafjord IL, Vikebygd IL og SK-Vats 94. Berekna anleggsstart er sett til våren 2025, og kostnads- og finansieringsplan er under utarbeiding. Prosjektet blei derfor, som einaste av dei nye prosjekta, foreslått sett på uprioritert liste i saksinnkallinga.
Skjoldar IL har planar om å rehabilitera den andre kunstgrasbanen i Skjold. Nyetablerte Skjold Discgolfklubb ynskjer å laga til ein diskgolfbane i Haraldseidvågen i Skjold.