Meir og farlegare flått krev meir kunnskap om smittestoff
Ein kvartett i fulldekka overtrekksdraktar og utstyrt med kvart sitt handklede festa på ein pinne, kan få ein kvar til å sperra opp augo. Alt er i kvit for å ha sjanse til å finna og fanga dei pitte små krypa som er målet. Og flåtten er ikkje langt unna. Ein etter ein blir dei observert, fanga med pinsett og plassert i plastbeger som er ein obligatorisk del av utstyret.
Det er ein lett tone i teamet leia av Snorre Stuen, professor og seksjonsleiar ved Veterinærhøgskolen i Sandnes, trass i at for mange er det høgst alvor når det kjem til flått. Ein hoggorm dukkar opp og skaper meir oppstyr enn flåtten som krelar overalt i vegetasjonen.
— Målet er å fanga 900 flått på tre ulike stader under det to dagars lange opphaldet her, og for å vera effektive har me ein uhøgtidleg konkurranse om kven som fangar flest, seier Stuen til muntre kommentarar frå dei tre andre i teamet.