Anne Sofie Sandvik har ikkje fått saka.
ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDALFOTO: Arne Frøkedal
Meir korona-støtte til verksemder i Etne og Vindafjord
Formannskapa i Etne og Vindafjord skal dele ut nesten 1,2 millionar kroner til lokale verksemder som er spesielt råka av covid-19.
Etne og Vindafjord kommune har fått tildelt høvesvis 372.000 og 798.000 kroner som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. På landsbasis deler regjeringa ut 500 millionar kroner totalt i denne erunden, og fordelinga er gjort ut frå innbyggjartal i kommunane.
Stor fridom
Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.