Han forklarer at vêret blir prega av to trykksystem – eit høgtrykk i Norskehavet og eit lågtrykk over Austersjøen. Heile landet ligg mellom desse to. Høgtrykket vinn høgst sannsynleg i heile Sør-Noreg, som altså får god seinsommarvarme og mykje sol heilt ut i neste veke.
Fare for tre-velt
Men først skal det blåse. I dagane fram mot helga kan nemleg sterk vind by på problem. Det er sendt ut farevarsel for vindkast i Innlandet. Mykje blad på trea gjer at vinden tek kraftig tak.
— Tre kan velte, og trampolinar kan fyke av garde, det er typisk for denne tida av året, seier Granerød, som er oppteken av å få fram følgja av vêret som blir meldt. Folk bør feste lause gjenstandar og hagemøblar, og generelt vere førebudd på kraftige vindkast.
Mot helga roar det seg likevel ned.
— Heile landet går mot nokre nokså fine dagar, med lettskya eller delvis skya vêr, men lange periodar med sol, seier meteorologen.
Fint i fjellet
På indre delar av Vestlandet og på Austlandet kan det bli opp mot 22 grader.
Medan folk kan følgje spent med på rekordvarme i sør, får Nord-Noreg litt lågare temperaturar, 13–16 grader på det meste. Inn mot helga dreier det til vestavind i Troms og Finnmark.
— Det betyr gjerne lågt skydekke og litt regn av og til. Jo lenger nord, jo dårlegare utover i helga, seier Granerød.
Fjellet i Sør-Noreg får fint og kjølig vêr, men nattefrost blir det neppe. Då må ein i så fall veldig høgt opp, seier Granerød.
— Eg trur det kan bli ei kjempefin helg i fjellet, men ikkje dei aller næraste dagane, for då er det varsla liten storm i fjellet i Sør-Noreg. Då skal ein vere veldig fjellvant for å bevege seg ute.
Lurande lågtrykk
Sjølv om finvêret absolutt ser ut til å trekkje det lengste strået i helga, vil Granerød minne om eit lite usikkerheitsmoment i lågtrykket som ligg og lurer i Austersjøen.
Viss det held seg der, held vêret seg fint i Sør-Noreg. Men viss det kjem nærare, blir det meir skya, og det kan bli regn, men ikkje mykje, forsikrar han.
I starten av neste veke får vi mykje av den same vêrtypen. Den største endringa kjem i nord: Eit lågtrykk i Barentshavet kan prege vêret, og det kan komme regn heilt ned mot Trøndelag.
— Vi får nyte finvêret så lenge det varer. Når høgtrykket forsvinn, kan det blir haustleg, seier Granerød, som meiner alle soltimane vil halde badetemperaturane omtrent uendra.
Det vil mange stader i Sør-Noreg seie mellom 17 og 19 grader.