Sommaren nærmar seg, og allereie første helga i juli blir Skånevik Bluesfestival arrangert.
— Me satsar på ein god festival med eit fargerikt og godt innhald av blues, rock og soul, seier Alf Warloe Christophersen.
Han fortel at dei i fjor gjorde ein målretta spørjeundersøking blant dei yngre festivaldeltakarane om kven dei ville ha neste år. Norske Staysman var overvekta av svara, og i Skånevik lukkast dei gjerne i det dei går etter. Staysman, blir laurdagsunderhalding på kaia i Skånevik.