Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Øvre Vats ungdomslag
Ottar Døvik og Anne-Lise Døvik framfor tomta som blei seld for 81 år sidan.

Meiner denne tomta bør seljast til inntekt for Vindafjordhallen

Publisert Sist oppdatert
Det har gått 81 år sidan ei 2,2 mål stor tomt blei seld til til Øvre Vats ungdomslag. Ifølgje etterkomarar av seljaren, Anne-Lise Døvik og Ottar Døvik, var formålet å bygge ungdomshus på tomta som ligg midt mellom krysset til E134/Blikravegen og Øvre Vats Barnehage.

Blei ikkje bygd

Men det blei aldri bygd noko ungdomshus på staden. Det som derimot kom opp, ein gong tidleg på 1950-talet, var ein danseplatting. Då plattingen framleis var i bruk, var samlingsplassen så populær at etter kvart som fleire skaffa seg bil, måtte ein også ha ein plass å parkere. I samband med det, erverva ungdomslaget ei tomt som ligg rett overfor Øvre Vats barnehage, på andre sida av Blikravegen. Tradisjonen med dans på plattingar langs vegane døydde etter kvart ut. Då nokon skulle svi av gras rundt plattingen ein gong på 1970-talet, tok plattingen fyr og brann ned. Sidan har det vore lite aktivitet på tomta, utover at Øvre Vats skule hadde ei hinderløype der fram til skulen blei lagt ned tidleg på 2000-talet. Også tomta som blei brukt til parkering, ligg brakk i dag.

Snart 30 år i dvale

Øvre Vats ungdomslag har ikkje arrangert noko sidan 1990-talet. Dei siste åra før laget gjekk i dvale skal dei ha arrangert leikarring og liknande aktivitetar i regi av laget. Men snart 30 år etter at laget i praksis gjekk i dvale, tilhøyrer eigedommane framleis laget. Det same gjeld ein mindre pengesum som per i dag skal vere på rundt 40.000 kroner.

Ottar Døvik fortel at han lenge har fundert over midlane han visste laget hadde, og at det var i samband med ei gravferd, kor han blei merksam på ein krans der det stod ei helsing frå Øvre Vats ungdomslag, at han blei overraska.

— Etter mitt hovud kan ingen disponere midlar til eit lag som ikkje har vore aktivt på snart 30 år, meiner han.

Søster Anne-Lise er samd. Dei understrekar at dei ikkje trur atnokon prøver å gjere seg sjølv rike på ungdomslaget sine midlar, men dei er opptekne at ting skal gje rast rett.

— Bør gå til Vindafjordhallen

Dei største verdiane til ungdomslaget ligg utvilsamt i dei to nemnde tomtene. Det er truleg snakk om ein marknadsverdi på fleire hundre tusen kroner for dei to tomtene. Søskenparet meiner tomta som dei meiner har plass til tre bustadar, burde seljast, og at inntektene frå eit sal bør gå til den nye Vindafjordhallen, bygdas nye symjebasseng og grendehus som er under oppføring i Nedre Vats.

Øvre Vats ungdomslag er ikkje registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra og har difor ikkje ein eigen bankkonto. Men etter det Grannar får opplyst, står ungdomslaget sine midlar på ein personleg konto, knytt til kasseraren i laget.

— Ikke gjort noko gale

Ivar Krakk er den siste valde leiaren i Øvre Vats ungdomslag. Han seier til Grannar at grunna manglande interesse ikkje har vore noko årsmøte i ungdomslaget sidan 1990-talet, men han seier at det siste styret som blei valt framleis er i verksemd. Han stadfestar at det ikkje har vore aktivitet i laget sidan 1990-talet, men seier at styret mellom anna har delt ut midlar til Øvre Vats 4H og KFUK-KFUM-speidarane. Nyleg kjøpte dei ein krans til eit medlem som har gått bort, noko dei også har gjort tidlegare.

– Dette er i tråd med vedtektene våre, seier han.

Dei nemnde vedtektene er elles noko styret den siste tida har leita etter, førebels utan hell.

– Me har i alle fall ikkje gjort noko gale, seier han.

Vil ikkja ha innblanding

Han synest det er merkeleg at nokon stiller spørsmål ved disponeringane dei har gjort på vegner av ungdomslaget, og at det ikkje er noko sak for avisa.

– Det er noko utanforståande ikkje har noko med, meiner han.

– Når det no ikkje har vore noko drift i laget på snart 30 år, har de vurdert å leggje ned laget og avhende verdiane?

– Det er noko me har snakka om, og det er til vurdering, seier han.

– Blir det i så fall kalla inn til årsmøte snart?

– Det er noko me har hatt oppe til diskusjon, men me har ikkje bestemt noko enno, seier han.

– Nokon meiner at midlane, inkludert verdien av tomtene ungdomslaget eig, burde bli gitt som gåve til Vindafjordhallen. Kva tenkjer du om eit slikt forslag?

– Vindafjordhallen er eit godt formål å gi pengar til, og det er også noko me har diskutert. Men per no er det ikkje tatt stilling til, seier han.

Grannar orienterer: Denne saka blei først publisert 24. oktober, og så oppdatert 30. oktober. Dette som følgje av nye opplysningar om at ikkje var snakk om at tomta blei gitt i gåve til ungdomslaget i si tid, slik søskenparet Døvik først trudde, og som Statens kartverk si digitale grunnbok indikerte. Det viser seg at tomta blei seld til ungdomslaget i 1943, for 1.500 kroner.

Powered by Labrador CMS