Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Snøskredet gjekk i fjellet Pointe de Cugne ved Val-Cenis i Frankrike. Bildet viser raset to dagar etter hendinga. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Snøskredet gjekk i fjellet Pointe de Cugne ved Val-Cenis i Frankrike. Bildet viser raset to dagar etter hendinga.

Rasulukka i Frankrike

Medelevar etter skredulykka: — Det er ubeskriveleg vondt

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: – Vi set enorm pris på kvar og ein sin innsats, støtte og omsorg. Takk for at vi som er igjen, har fått vere saman som gruppe i dagane etter ulykka. Vi har vorte varetekne og skjerma, noko som har vore utruleg godt for oss. Det har også vore godt og nødvendig å få vere saman med familiane til dei vi har mista. Saman har vi mimra og sørgt, skriv medelevane i ei fråsegn søndag.

Vidare takkar dei for støtta frå folk i Noreg som har sendt meldingar og vist omtanke.

– Vi finn trøyst i at Jon Håvard, Bjarte, Ingrid og Emil var på sitt lykkelegaste den dagen. Dei gjorde det dei elska: Dei tok dei beste svingane i den mjukaste snøen, med sola i ansiktet og vennene sine rundt seg. Vi saknar dykk så uendeleg mykje.

Dei åtte attlevande elevane ønskjer ikkje namna sine i uttalen, men NTBs journalist og fotograf på staden har vore i kontakt med apparatet rundt dei.

Les alle sakene om ulykka her: Rasulykka i Frankrike

– No skal vi halde fram med å halde rundt kvarandre. Vi skal gråte, men også halde fram med å mimre over og vere takksame for tida vi fekk saman, skriv dei.

Var vitne til skredet

Skredet gjekk i eit fjell i kommunen Val-Cenis i fylket Savoie onsdag ettermiddag.

Det var Bjarte Selsaas (29) frå Vindafjord, Jon Håvard Hagerup Appelkvist (31) frå Stjørdal, Ingrid Velken Kverneland (32) frå Færder og Emil Tobias Langhus Bye (22) frå Oslo som omkom i snøraset.

Tre av klassekameratane deira som stod nedanfor, så raset komme og prøvde med alt dei hadde å redde dei ut frå snøen.

Minnestund for dei etterlatne

Laurdag vart det halde ein lukka seremoni i rådhuset i alpelandsbyen Lanslebourg for dei fire som mista livet i skredet, der pårørande og etterlatne var samla.

– Det vart tent over 100 lys til minne om dei døde. Det er litt håpefullt at vi kan tenne lys og kjenne at det mørket i oss blir litt svakare, sa sjømannsprest Henning Vik, som leidde seremonien, til NTB.

Den norske ambassadøren i Paris, Niels Engelschiøn, deltok òg. Med seg hadde han ei helsing til alle dei ramma frå statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

(NPK)

Powered by Labrador CMS