Elevar ved Ølen vgs. anleggsteknikk. Simen Pettersen, Jan Einar Langåker Stava, Leon Wiland, Sigbjørn Mokleiv, Mathias Kaland og Tobias Helgeland.
Irene Mæland Haraldsen
Yrke og utdanning:
Med praktisk arbeid på timeplanen
Etterspurnaden etter fagfolk innan
anlegg-og bergfag er stor og bedrifter over heile landet søkjer lærlingar i dei
praktiske faga. På den årlege fagdagen på industriområdet på Knapphus fekk
elevar i vidaregåande skule møta lokale bedrifter og testa ut ulike
anleggsmaskinar.
— Me er her i dag for å prøva
ulike maskinar og snakka med firma om lærlingplassar, seier 17 år gamle Jan
Einar Langåker Stava frå Karmøy.
Han går andre året på Ølen vidaregåande
skule i faget anleggsteknikk. Den to år gamle linja ved skulen i Ølen har i dag
seks elevar og saman med resten av klassen har han tatt turen til Knapphus for
å læra og for å sjå kva lokale entreprenørbeddrifter har å tilby.