Kreativitet og detaljrikdom pregar den frodige hagen Hagen til Marit Blok Holst i Etne.Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 10
God arbeidslyst kombinert med rik kunnskap, ligg bak den frodige hagen til Marit Blok Holst i Etne.
Vatn og hage er alltid ein vellukka kombinasjon som skapar stemning i hagen.
Krukkene er mange og gir grobotn for både buskar og stauder året rundt.
Ulike sitjegrupper innbyr til litt kvil frå hagearbeidet.
Armeringsjern er både dekorativt og nyttig som klatregrunnlag for klatreplanter.
Blomsterprakt ved inngangspartiet.
Vakre detaljar pregar hagen.
Bruk av hagefigurar skapar liv i hagen.
Opphøgde bed med grusbelagde gangvegar skapar ro og orden i hagen.
Bygg & Bu
Med blikk for detaljar
Godt gøymd bak høge plankegjerde og formklipte hekkar midt i Etne sentrum har Marit Blok Holst og Bjørn Karlsen skapt sin eigen fredfulle oase. Her kan ein nyta late sommardagar omgitt av frodige vekstar, lyden av sildrande vatn og kvitrande småfuglar.
Med biltrafikk som dundrar av garde på europavegen nokre meter unna, og med naboar på alle kantar, er det lite som ved første augekast skulle tilseia at det bak dei velstelte hekkane og den overdådige blomsterportalen, skjuler seg eit lite hageparadis av dei sjeldne. For straks ein trer inn i den koselige hagen på baksida av huset som tener både som tannlegekontor og bustad, openber det seg ein fredfull oase der fuglekvitter er byta ut med motordur, og der buskar, trer, staudar og sommarplanter kivast om å scora høgast på blomsterpraktbarometeret.
God arbeidslyst kombinert med rik kunnskap, ligg bak den frodige hagen til Marit Blok Holst i Etne.
Overalt blømer og gror det. I bed og krukker, i amplar og portalar. Og innimellom alle dei levande vekstane dukkar det opp dekorative innslag i form av små hageskulpturar, benker, sitjegrupper og kjølande bad for dei mange flygande gjestene som stikk innom for å få seg ein matbit. For den ivrige hageentusiasten er dyr og fuglar eit viktig element i hagen, og ei kjelde til både nytte og glede.
— Eg har mat til fuglane heile året både her i hagen og på hytta. Her er mange typar fugl og dei tek seg av lus og insekt. Eg brukar hagen heile året, og nyt å rusla rundt eller kosa meg med hagearbeid. Og eg er blitt flink til å sjå ulike fuglar og sommarfuglar, seier Marit Blok Holst (54) og kikkar på fuglefamilien som nyt ein matbit i solskinet.
Mykje arbeid og eit kreativt blikk ligg bak hagedraumen som starta med ombygginga av bustadhuset frå slutten av 1930-talet. Etter at det meste av renoveringsarbeidet på huset var klart i 2005 stod den rundt 500 kvadratmeter store hagen for tur. Lass på lass med rik matjord blei spadd utover og gav godt grunnlag for plantane som etter kvart skulle setjast i jorda, og med åra har Blok Holst sett sitt svært personlege preg på både planting og utforming. Resultatet er blitt ein hage som har fått rosande omtale i fleire hagebøker og hageblad.
Kreativitet og detaljrikdom pregar den frodige hagen Hagen til Marit Blok Holst i Etne.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kvalitet
Bevisst bruk av material av god kvalitet reduserer vedlikehaldsarbeidet i hagen, og med oppbygde bed innramma av gamle jernbanesviller blir det lettare å halda styr på ugraset. Den travlaste årstida er våren, og når planter og trer er klipte og stelte, kan den hageglade dama lena seg tilbake og konsentrera seg om lettare hagestell resten av sesongen.
— Eg likar tidlause ting, og ville ha noko som varer og som er ærleg, og der ein slepp vedlikehald, seier den kreative hageeigaren som mellom anna nyttar ferdigrusta hagedekorasjonar og glaserte krukker som dekorative innslag.
Krukkene let ho stå ute heile året. Ho fyller dei med sommarblomar, små buskar eller staudar som kjem igjen år etter år.
— Eg har krukker som er over 20 år gamle og som er like fine. God drenering er viktig for å hindra frostsprenging, og eg brukar barkduk i botn over lecakuler før eg legg ny barkduk. Krukkene kan stå fleire år utan å skifta jord, men det er viktig å gjødsla og vatna. Om vinteren byter eg gjerne ut sommarblomane i krukkene med mose og kongler, seier ho. Espalier av armeringsjern er eit solid og varig materiale som er blitt stadig meir populært dei siste åra, men då Marit starta arbeidet med hagen var det heller uvanleg. I dag står jern-espaliera like fine som då dei blei sett opp, og dannar fotfeste for frodige klatreplanter som kryp opp langs hagegjerdet.
— Armeringsjern er fint å nytta til mange ulike ting, og kan også brukast til rekkverk slik eg har gjort på hytta, seier Marit.
Vatn og hage er alltid ein vellukka kombinasjon som skapar stemning i hagen.
Kunnskap
Gjennom mange års erfaring, ein stor dose arbeidslyst, og med ein hageinteressert familie som fundament, har 54-åringen tileigna seg nyttig erfaring og kunnskap for å skapa ein levande hage.
— Eg kjem frå ei gartnarslekt, og far min som var tannlege, var veldig hageinteressert. Han samla på roser og konvall og me var mykje på hytta der me hadde hage. Eg måtte hjelpa til i hagen som liten, og eg plukka rips og hjelpte til med safting og sylting, minnest dama med dei ekstra grøne fingrane, og som eigentleg hadde planar om å føra gartnaryrket vidare då ho skulle velja yrkesveg.
Bruk av hagefigurar skapar liv i hagen.
— Eg vurderte å bli anleggsgartnar, men enda opp med å jobba i it-bransjen. I dag tek eg meg av det administrative på tannlegekontoret, seier ho.
Men på fritida kan ho sleppa fantasien og arbeidslysta laus, og skapa sitt eige levande kunstverk.
— Det er litt som å mala. Når eg plantar veit eg ikkje før om eitt år korleis maleriet blir, seier ho og smiler nøgd over fuglane som syng og blomane som kikkar opp frå det levande staffeliet bak det kvitmåla huset midt i sentrum.
Blomsterprakt ved inngangspartiet.
Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.