Matprisane stig – overskotet aukar
Driftsoverskotet i daglegvarebransjen auka med 17 prosent i fjor og nærmar seg rekordnivået frå pandemien, viser ein ny analyse.
– Når omsetninga aukar, så blir det meir lønnsamt, seier Martin Klafstad, som er partnar i Emendor, til Dagens Næringsliv.
Både kjedene og daglegvareleverandørane auka lønnsemda i fjor, ifølgje ein analyse frå konsulentselskapet. Driftsoverskotet i bransjen auka med 17 prosent.
Det samla driftsresultatet var på 23,5 milliardar kroner i fjor, ikkje langt bak gullåret 2020 då norsk daglegvare hadde eit historisk driftsoverskot på 24,8 milliardar.
Prisauken på mat og drikke var 5,2 prosent i fjor, ifølgje konsumprisindeksen. Denne prisauken er hovudgrunnen til at omsetninga i bransjen steig med 4,9 prosent.
– Dei fem store Norgesgruppen, Rema 1000, Coop, Tine og Orkla aukar sin del av samla omsetning og driftsresultat, seier Klafstad.
(NPK)