Mange i Sogn og Fjordane ønsker seg tilbake til dei tidlegare fylka i Vestland.Foto: Anbjørn Holme
Mange i Sogn og Fjordane ønsker seg tilbake til dei tidlegare fylka i Vestland.

Mange vil oppløyse Vestland fylke

69,5 prosent av dei som har svara i ei undersøking gjort av In Fact for lokalavisene Firdaposten, Sogn Avis og Firda, vil at Vestland fylke skal reverserast.

Det er 1.070 personar i Sogn og Fjordane over 18 år som har svara på undersøkinga, der eitt av spørsmåla var om Sogn og Fjordane bør oppstå på ny, eller om Vestland fylke bør førast vidare, skriv Firda.

1. vara til Stortinget, Steinar Ness (Sp), meiner Sogn og Fjordane vil oppstå på ny dersom det blir eit nytt fleirtal på Stortinget og ei ny regjering.

– Da er eg nesten hundre prosent sikker på at Troms og Finnmark vil bli oppløyst ganske fort. Så er eg ganske sikker på at vi får eit vedtak om å løyse opp Viken. Om dei er oppløyste, kva er da att av framtidsdraumane for denne reforma. Eg spår at dominoeffekten blir at Vestland er det tredje fylket som blir løyst opp, seier Ness til Firda.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS