Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Statens legemiddelverk har fått 3.129 meldingar om alvorlege biverknader etter koronavaksine. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Statens legemiddelverk har fått 3.129 meldingar om alvorlege biverknader etter koronavaksine.

Mange melder biverknad

NPK-NTB: Legemiddelverket har motteke 35.683meldingar om mistenkte biverknader etter koronavaksine. 3.129 er klassifiserte som alvorlege, 106 fleire enn veka før.

Det er hittil sat over 7,8 millionar dosar med koronavaksine. Av meldingane om biverknader er 19.206 behandla og16.077er klassifiserte som lite alvorlege, opplyser Statens legemiddelverk.

Overvakinga av biverknader hos barn og unge blir høgt prioritert. Over 300.000 dosar er sette hos dei frå 12 til 17 år. I perioden frå desember 2020 til 5. oktober 2021 er 109 biverknadsmeldingar mottekne og behandla for denne aldersgruppa. Av desse er 17 klassifiserte som alvorlege.

— Meldingane delar seg på fleire tilstandar, den vanlegaste er avsviming i samband med sjølve vaksinasjonen. Avsvimingar blir rekna medisinsk sett som lite alvorlege, men skal ifølgje europeiske legemiddelstyresmakter alltid bli klassifiserte som ein alvorleg biverknad, seier Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket.

Ungdom får oftast dei same vanlege og forbigåande biverknadene som vaksne etter vaksinasjon. Blant dei meir sjeldne kjende biverknadene er betennelse i hjartemuskelen og betennelse i hjarteposen.

— Vi har så langt motteke éi biverknadsmelding om dette i aldersgruppa under 18 år, blir det opplyst.

Powered by Labrador CMS