Direktør Ingvill Kvernmo i Arbeidstilsynet finn det alvorleg at så mange butikkar har mangelfulle arbeidsavtalar for sine tilsette. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Direktør Ingvill Kvernmo i Arbeidstilsynet finn det alvorleg at så mange butikkar har mangelfulle arbeidsavtalar for sine tilsette.

Mange butikkar slurvar med arbeidskontraktar til tilsette

Halvparten av butikkane hadde ikkje arbeidsavtalar i orden for sine tilsette då dei vart kontrollerte av Arbeidstilsynet.

Publisert Sist oppdatert

Hittil i år har 600 verksemder vorte sjekka i varehandelen. Kontrollen viste at:

* 51 prosent av verksemdene hadde mangelfulle arbeidsavtalar.

* 7 prosent – rundt 40 butikkar – hadde ikkje skriftlege arbeidsavtalar med dei tilsette i det heile.

* 44 prosent hadde ikkje verneombod i tråd med regelverket.

– Det er alvorleg at mange arbeidsgivarar ikkje kjenner til kva lova krev av arbeidsavtalane dei skal inngå med arbeidstakarane, seier tilsynsdirektør Ingvill Kvernmo i ei pressemelding.

I fjor sommar kom det nye krav til kva ein arbeidsavtale skal innehalde. Fleire opplysningar skal inn i avtalen. Endringane skal bidra til tydelegare og meir føreseielege arbeidsvilkår.

Kvernmo påpeikar at mange unge og mange deltidstilsette jobbar i varehandelen. Det er også ganske få som er fagorganiserte. Derfor er butikkar eit prioritert område å følgje med på framover for tilsynet.

– Arbeidsavtalen er sjølve fundamentet i forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgivar. Avtalen er ein kontrakt som skal vise kva for nokre grunnleggjande arbeidsvilkår som er avtalte mellom partane, og det finst inga unnskyldning for ikkje å ha det på plass, seier Kvernmo.

(NPK)

Powered by Labrador CMS