Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Omfattande oppgradering i Olav Vik sitt rike.
Nestleiar Erlend Bergsvåg i Olav Vik-stiftinga.

Makebyte mellom stiftelse og grunneigar avlyst

Publisert Sist oppdatert

Styret i Olav Vik Stiftinga ønskte å utvida badeplassen Honsvikjo i Etne frå om lag 2 mål til rundt 8 mål, og i samband med dette blei det inngått ein intensjonsavtale om å byta bort rundt 90 mål av stiftinga sitt areal mot 6 mål dyrka mark i strandsona. Formålet med utvidinga var å leggja til rette for større badeområde, sanitæranlegg, parkering og parkanlegg. Arealet som skulle bytast bort består av fleire teigar, inkludert dyrka mark, kratt, utmark og skogsområde.

— Det aktuelle arealet har i stor grad vore leigd ut til grunneigar og det har avgrensa verdi for ålmenta. Arealet som skulle gå til stiftelsen ligg i direkte tilknyting til eksisterande badeområde, opplyste nestleiar i styret, Erlend Bergsvåg i eit lesarinnlegg.

Verdien av det stiftinga skulle gi frå seg blei taksert til 100.000 kroner, mens verdien av arealet dei skulle få tilbake blei sett til 51.000 kroner. Ifølgje styret skulle differansen dekkast ved at grunneigar tok mesteparten av dei kommunale gebyra, slik at transaksjonen blei vurdert som økonomisk jambyrdig.

Powered by Labrador CMS