Tolletaten avdekkjer ofte kjæledyr som blir freista smugla inn i landet. No har Mattilsynet, Tolletaten og Økokrim delteke i ein EU-kampanje mot smugling av kjæledyr over grensene.
Foto: Tolletaten / NPK
Lukrativ marknad for ulovleg sal av kjæledyr i Noreg
Den EU-koordinerte kontrollaksjonen Illegal trade of cats and dogs enforcement action» starta i juli i fjor og vart avslutta i sommar. Målet for aksjonen var å avdekkje ulovleg innførsel av hundar og kattar. Aksjonen vart gjennomført i samarbeid med Tolletaten og Økokrim, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.
Resultata frå EU-kommisjonens aksjon viser eit stort omfang av organisert smugling og omsetning av hundar og kattar med falske dokument til og innan EU/EØS.
Under aksjonen vart 3978 kjæledyr kontrollerte på grensekontrollstasjonen på Oslo lufthamn Gardermoen. Det vart avdekt seks hundar og ein kattunge med mangelfulle eller forfalska dokument.