Ida Haraldseid er eit kjent fjes for alle som har vore innom bensinstasjonen i Ølensvåg.Pressefoto
Lovande leiarspire frå Skjold
Selskapet prøver å frå fram unge tilsette som kan bli framtidas leiarar. Det er 15. gongen Cirle K gjennomfører dette talentprogrammet som går over to år. Kvart år vel selskapet ut ny talent som får opplæring i økonomi, administrasjon og salsleiing. Utdanninga er lagt opp med både teoretisk innføring og praktiske oppgåver som skal gjennomførast på arbeidsplassen.
Ida Haraldseid har jobba på Circle K Ølensvåg sidan 2016. Ho valte å følgja i sjefen sine fotspor ved å søka seg inn på dette talentprogram.
— Sjefen min var akkurat ferdig med talentprogrammet, og ho oppfordra meg til å søka. Det har eg ikkje angra på. Eg har lært mykje, og det har vore utruleg kjekt å bli kjent med så mange dyktige og kreative folk frå andre stasjoner og regionar, seier 31-åringen i ei pressemelding frå selskapet