Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

3da4ba71-487d-49b6-beda-57bb1ebdcb81-w_960

Lokalt firma doblar køyrebreidda

Publisert Sist oppdatert

No vert det 7,5 meter vegbreidde og gul midtstripe på heile strekninga. På det smalaste er vegen i dag fire meter. Strekninga på 2,1 kilometer er ofte ein flaskehals, spesielt på sommaren når mange turistar reiser gjennom vakre Hardanger. Vegarbeidet som alt har starta, er difor sterkt etterlengta. Etne-firmaet vann anbodet i konkurranse med 13 andre selskap.

— Me er i gang med å hogge tømmer for å betre sikta, og skal ta breiddeutviding på begge sider av eksisterande køyrebane. Mot skogen består dette i å sprengja vekk berg, fylle ut og laga nye grøfter. Det er mot Hardangerfjorden den største breiddeutvidinga skjer. Her vert det også utfylling, og enkelte stader så mykje som ei heil køyrebreidde ekstra, seier prosjektleiar Terje Dagestad i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vegvesenet tek både undervegs og i ferdigstillinga av prosjektet omsyn til (primær)næringar, hyttebuarar og andre som treng tilkomst til fjorden og oppsida av vegen.

Powered by Labrador CMS