Liten auke i talet på narkosaker – mindre heroin, meir MDMA og steroid
Det er andre året på rad med auke. Totalt registrerte politiet og tollvesenet 18.273 saker i 2024, skriv Kripos i statistikken sin.
Til samanlikning var det berre 15.222 saker i 2022. Samtidig var det heile 31.120 saker i 2014, som vart følgt av eit fall kvart år fram til 2023.
Størst er auken innan stoff som MDMA – kjent som ecstasy og molly – og anabole steroid. Talet MDMA-beslag har auka med 26 prosent samanlikna med 2023. Også her er likevel talet på saker ikkje uvanleg høgt, sett i eit tiårsperspektiv – men den gjennomsnittlege styrkegrada er svært høg.