Grethe Hopland Ravn
Petit
Lenge leve fantomsmertene
Har du høyrt om fantomsmerter? Desse smertene som kan vera så innmari pinefulle – sjølv om kroppsdelen du har vondt i er borte for alltid? Eg slit med slike smerter… i navlestrengen. Ravnungane mine er i ferd med å forlata reiret, og tre ravnungar under vengene mine, har allereie blitt til to. Om berre nokre få år er ikkje ein gong oskefisen min tenåring lenger, og berre tanken på det får fantomsmertene til å skyta stjerneskot. Eg er så dårleg på å sleppa taket. Elendig på å slappa av når ungdommane er ute på vift, og mens ravnefar startar snorkinga i det hovudet treff puta på kvelden, ligg ravnemor og vrir seg. Tenk om… tenk om… å hjelpes… tenk om!
Eg har ikkje tal på kor mange gonger ravnungane mine har himla med augo over den håplause mor si. Då er det ikkje så lett å forklara at det er i beste meining. At eg berre vil dei så inderleg vel. Eg kan likevel skjøna at dei blir oppgitt når ravnemor stoppar karusellar på tivoli med timeout-signalet» fordi ho trur ravnungen får panikk, eller får pustevanskar når 18-åringane ikkje kjem rett heim» etter at utestaden stengjer, men går til gatekjøkkenet for kebab i staden. At eg går på nåler når dei skal til Syden utan meg, og at eg tryglar dei om i det minste å vera synlege på snapmap. Dei himlar også med augo når dei ikkje får eta biff utan å tygga 32 gonger, og når dei ikkje får gå til fjells utan at dei lovar å trampa hardt i bakken med føtene. Ravnemor er nemleg dødsredd for hoggorm.