Leiv Karsten Medhaug overtar som leiar i Vindafjord KrF.
Foto: Privat
Leiarskifte i Vindafjord KrF
Lokallaget for KrF i Vindafjord var samla til årsmøte i Ølensvåg 1. februar og kunne applaudera for Leiv Karsten Medhaug (66) som ny leiar. Han overtar etter Steinar Skartland som har leia laget i to år.
I styret har Medhaug med seg Ruth Fosse Fjelltveit, Norun Marie Eintveit, Gunnar Dalen, Steinar Skartland, Gustav Løge Fosse (gruppeleiar) og Marie Gundersen (leiar i Vindafjord KrFU). Leiv Karsten var mange år i kommunestyret før han vart einingsleiar og rektor ved Ølen skule. Slik har den nå aktive pensjonisten god kunnskap om både kommunen og det politiske arbeidet. Han har også tidlegare vore lokallagsleiar og avløyser nå Steinar Skartland, som held fram i styret.
Med i årsmøtet var også Solveig Ege Tengesdal som stod for den politiske inspirasjonen og oppdatering på aktuell politikk. Som gruppeleiar for KrF i fylkestinget og leiar for opplæringsutvalet, trekte ho fram både KrF sitt arbeid for trafikksikring av fylkesvegane vidaregåande utdanning og saker KrF fekk gjennom då dei var i regjering, m.a. auka barnetrygd og eingongsstønad, fritidskort for ungdom, auka løyvingar til familievernkontor og helsestasjonar. Fleire av sakene har den nye regjeringa dessverre reversert.
– KrF betyr forskjell for verdas fattige og dei som treng omsorg. Tryggheit og omsorg i familiane er viktig som grunnlag for god utdanning, var mellom anna det ho trekte fram i talen.
– KrF sin politikk er særleg bra for familiar. Partiet vektlegg omsorg og plass for alle i eit varmare samfunn, heiter det i ei pressemelding frå lokallaget signert Steinar Skartland.