Harald Eintveit meiner staten også har noko å beklage i abortsaka.ARKIVFOTO
Legg prestekjolen til side
Søndag leia han si siste gudsteneste som sokneprest for Vikedal, Sandeid og Imsland. No blir Harald Eintveit (67) pensjonist.
Kyrkjeklokkene byrjar å ringe, og summinga i kyrkjelyden stilnar. Det blir stille nokre sekund. Døra går opp, folket reiser seg, og innover kyrkjegolvet går ein kyrkjetenar med eit stort kors i hendene. I prosesjonen følgjer Rune Steensnæs Engedal, prost i Haugaland prosti, og Harald Eintveit, sokneprest i Vikedal, Sandeid og Imsland. Det er ikkje ein kva som helst søndag i Vikedal kyrkje. Soknepresten leiar nemleg si siste gudsteneste før han, i alle fall delvis, trer inn i pensjonistane sine rekkjer.
— Vegen valte meg
Når Harald Eintveit no står ved inngangen til ein ny livsepoke, kan han sjå tilbake på nærare 40 år i Den norske kyrkja. Han trur det er samansette grunnar til at det blei her han skulle vere heile sitt yrkesliv.