Vindafjord kommune reknar med å byggje opp igjen Vindafjordhallen med ein prislapp på 150 millionar kroner, om lag som hallen var før brannen med svømmebasseng, fellesareal og bygdehus.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Lanserer ein prislapp på 150 millionar for ny hall
Prisen for ny svømmehall og bygdehus i Vats er 150 millionar kroner, viser kalkulatoren i Vindafjord kommune. Og det er eit ganske usikkert tal, er også konklusjonen.
Det usikre er kor mykje Vindafjord kommune må spytte inn ekstra ut over forsikringa, fordi investeringa og framtidige utgifter til drift og vedlikehald er usikker.
I kalkylen kommunen brukar så langt på 150 millionar kroner, må Vindafjord inn med 28 millionar kroner frå eiga lomme for å få opp det som er planlagt bygt.
På byggjeplanen er svømmehall og opplæringsbasseng, og fellesareal og bygdehus. Omtrent det Vindafjordhallen hadde å tilby før brannen i juli 2019.