Langt mellom folkefestane i 2021
Ein ringerunde til arrangørane bak bygdedagar, store idrettsarrangement og folkefestar i Vindafjord og Etne kommune, viser at koronapandemien i stor grad vil prega aktivitetskalenderen i år også. I 2020 blei alt av sommararrangement, cupar og festivalar avlyst etter at koronapandemien stengde ned store deler av landet.
Snart eitt år etter er situasjonen ikkje like ille, og med ei vaksinering som nå så vidt er i gang, er det sjanse for fleire sprell denne våren og sommaren. Men per i dag er restriksjonane strenge og det er krevjande å planlegga og arrangera. Mange av dei lokale arrangørane har alt bestemt seg for å avløysa, medan andre tenkjer seg alternative gjennomføringar eller sit litt på gjerdet ser utviklinga an.
Det største lokale arrangementet, Etnemarknaden, kjem seinast på året og er i den mest gunstige situasjonen i forhold til vaksineprogrammet og eventuell lettingar i restriksjonane.