Landbruksdirektoratet har oppdatert råda sine for å unngå skogbrannar etter ein snøfattig vinter og lite nedbør denne våren. Dei store stormskadane i skogen i fjor haust forsterkar òg risikoen for skogbrannar. Her jobbar brannvesenet med å sløkke ein skogbrann mellom Enningdalen og Kornsjø ved svenskegrensa sør for Halden 2. mai.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB/ NPK
Landbruksdirektoratet kjem med nye råd for å unngå skogbrann
Landbruksdirektoratet har oppdatert råda sine for å unngå skogbrannar etter ein snøfattig vinter og lite nedbør denne våren. Dei store stormskadane i skogen i fjor haust forsterkar òg risikoen for skogbrannar.
Det skriv Landbruksdirektoratet i ei sak på nettsidene sine.
– Det er ein uvanleg situasjon med mykje vindfall i skogen etter hauststormane i fjor, noko som gir auka risiko for skogbrannar samtidig som øydelagde tre gjer det lite framkommeleg i skogen. Det er derfor viktig at skogeigarane hevar eigenberedskapen for å hindre skogbrannar, men også er klar over vakthald og anna oppfølging etter ein eventuell brann, seier rådgivar Silje Stavdal i Landbruksdirektoratet i saka.
– Skogeigarane kan òg varsle skogbrannfare med plakatar og infomateriell ved skogsbilvegar, rasteplassar og innfartsårer, slik at brukarane av skogen blir mint på dette, seier Stavdal.