Lagar hagefigurar i solid betong
Eit tilfeldig kunstnarmøte og ein stadig trong til å fylla fritida med meiningsfulle aktivitetar gav John Martin ideen om å starta med produksjon av hagefigurar i betong.
Heime i kjellaren i huset på Bjoa har John Martin Skaar Fitzsimonds (48) rigga seg til med ein liten verkstad. Her har han alt som trengst for å støypa betongfigurar til bruk utandørs eller inne i stova, og her kosar han seg med den nye hobbyen sin så snart han har ei ledig stund. Til dagleg jobbar han som produksjonsleiar ved Ølen Betong, og held for tida til ved betongbedrifta si avdeling på Kvitsøy der han jobbar to vekers turnus. I friperiodane er det betongfigurar som gjeld.
— Eg lagar både stort og smått til bruk inne og utandørs, seier John Martin og viser fram ei fargerik samling små og store figurar som har fått plass i utstillingslokalet i kjellaren.
Her finn ein mellom anna eit breitt utval piggsvinfigurar, små musefamiliar, smilande bier, fargerike høner, fiskar, soppfigurar, havfruer i ulike variantar og ikkje minst dekorative grav-dekorasjonar som har blitt ei svært populær salsvare. Til jul var det nissar, snømenn, små dompapar og skåler som dominerte vareutvalet.