Lilly Sofie Jakobsen og Theodor Vestbø Reimers likar seg godt på Lundeneset VGS.

Læring og tilflytting i seks tiår

Lilly Sofie Jakobsen (18) og Theodor Vestbø Reimers (18) nyt kvardagen på Lundeneset vidaregåande skule (VGS). I 60 år har skulen gitt unge opplæring og mange nye innbyggjarar som har slått seg ned i Grannar-distriktet.

Publisert Sist oppdatert

— Det er heilt fantastisk å gå på Lundeneset. Her er det gode folk og eit trygt miljø, seier Theodor Vestbø Reimers, som går siste året på studiespesialisering.

Påbygg-elev Lilly Sofie Jakobsen er samd, og trekkjer fram alle aktivitetane elevane kan vere med på i fritida. Skulen har ei rekkje fasilitetar både inne og ute, og eit aktivt elevmiljø som arrangerer ulike aktivitetar. Når ein kjem til området, kan ein sjå ein discgolfbane, kunstgrasbane, sandvolleyballbane og leikeplass. Innandørs har dei alt frå eit gymsalbygg til ein stor scene som blir brukt i både skuletida og fritida.

Lundeneset VGS er ein kristen friskule med internat i Ølensvåg. Skulen er eigd av Misjonssambandet og tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, sal, service og reiseliv, IT og medieproduksjon og påbygging til generell studiekompetanse.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS