Lærer å spinne sin eigen tråd
Tenk å få lære korleis ein spinn sitt eige garn, på rokken til bestemor som har stått på loftet i minst ein generasjon.
Framleis er det nokon som kan kunsten å handtere ein rokk og spinne garn frå ull til tråd. Vindafjord Husflidslag i Sandeid, har tatt tak i gamle tradisjonar som kan vere nyttig å lære yngre krefter.et
Husflidslaget har den siste tida arrangert kurs i bruk av rokk og spinning i eigne lokale i Helgevoldhuset, der Magda Handeland er den fagkyndige og instruktør. Ho har lang erfaring med bruk av rokk og spinning av ull av ulikt slag. Fem damer frå Sandeid har leita fram rokkar som har stått stille minst éin generasjon. Dei fleste rokkane har si historie, nokre heilt tilbake til seint 1800-talet. Rokkar som ikkje har vore i bruk sidan bestemor på garden brukte det som eit livsnødvendig verktøy for å skaffe garn til ullplagg for familien.
— Eg var litt spent på om rokken etter bestemora mi var i orden og kunne brukast slik den stod, forklarer Elise Hustvedt.