Skånevik skule. Bygda har også barnehage. ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Skånevik skule. Bygda har også barnehage.

Lærarutdanning kan bli krav for fast jobb

Publisert Sist oppdatert
Viss regjeringa får det som dei vil, blir det krav om å ha lærarutdanning for å få fast jobb som lærer. Eit lovforslag blir no sendt på høyring.
For å få fast jobb som lærar i dag, er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse». Dette ønskjer regjeringa å endre til krav om relevant lærerutdanning».

Erfaring frå klasserommet vil ikkje vere tilstrekkeleg for å fast jobb, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Ifølgje Utdanningsforbundet manglar ein av fem lærarårsverk i skulen lærarutdanning. Forbundet er blant aktørane i skulesektoren som ønskjer seg ei slik lov.

– Bidreg til auka status

Søkjartala til lærarutdanningar fall med over 20 prosent i år samanlikna med 2022. Det skjer etter ein storstreik sommaren og hausten 2022, som enda i tvungen lønnsnemnd.

– Endringa vil bidra til at barna våre får god opplæring av lærarar med lærarutdanning, og til å utvikle skulen. Det vil også bidra til å auke statusen til læraryrket og vere med på å gjere det meir attraktivt for dei som skal velje ei utdanning, seier den ferske kunnskapsministeren Kari Nessa Nordtun (Ap) i pressemeldinga.

Lovforslaget opnar likevel for å tilsetje lærarar på vilkår av at dei fullfører lærarutdanning, viss det ikkje er kvalifiserte søkjarar.

– Når skulane ikkje får søkjarar til lærarstillingar som oppfylle kompetansekrava, meiner eg det er viktig at dei vurderer å tilsetje dei som ønskjer å fullføre ei lærarutdanning. Mange kommunar gjer dette allereie i dag, og no foreslår vi endringar i lova som vi meiner vil støtte det arbeidet, seier Nordtun.

Ingen mistar jobben

Regjeringa foreslår også å gjere tydeleg i lova at det berre er dei som er tilsette i lærarstilling, som kan ha ansvar for opplæringa.

Dei som er tilsette i lærarstilling utan relevant lærarutdanning, kjem ikkje til å miste jobben viss lova trer i kraft.

– Ingen som er tilsette i lærarstilling skal avskiltast, seier Nordtun.

Høyringsfristen er 5. januar, og Kunnskapsdepartementet tek sikte på at lova kan tre i kraft i august 2024.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS