Kurs i viktig plattform for arbeid og rekruttering
Onsdag 7. januar skal Omega 365 Design halde kurs i LinkedIn i Medvind-bygget i Ølensvåg. Kurset er ein del av den nye samlinga i Medvind24 Næringshage sitt nettverk for alle som jobbar med kommunikasjon og marknadsføring i næringslivet.
Dette opplyser Medvind24 Næringshage på nettsida si.
850 millionar brukarar
LinkedIn er ein sosial plattform sentrert rundt arbeid og utdanning, som blei stifta i 2002 og lansert i 2003. Ifølgje eiga nettside er LinkedIn verdas største profesjonelle nettverk, med meir enn 850 millionar medlemmar i over 200 land og territorium over heile verda.
Misjonen til LinkedIn er å skape eit nettverk av fagfolk over heile verda, og dermed auke produktiviteten og suksessen deira. Microsoft fullførte oppkjøpet av plattforma i 2016.
Tips og individiuell rådgiving
Kurset i Ølensvåg er på dagtid og startar med lunsj. Det vil ta for seg tre hovudtema. Det første handlar om bygging og drift av ein god personleg LinkedIn-profil, der deltakarane får lære korleis dei kan skapa ein truverdig og engasjerande profil som byggjer tillit og tiltrekkjer både nettverk og moglegheiter.
Det andre temaet rettar seg mot utvikling av ein sterk bedriftsprofil, med vekt på korleis verksemda kan bruke profilen aktivt for å formidle kompetanse, kultur og verdiar, og på den måten styrkje merkevara.
Hovudtema nummer tre handlar om LinkedIn som verktøy for rekruttering og arbeidsgjevarprofilering, og tek for seg korleis ein kan nå ut til dei rette kandidatane og synleggjere seg som ein attraktiv arbeidsplass.
I tillegg vil kurshaldarane vise korleis LinkedIn skil seg frå andre sosiale medium, både i form, tone og funksjonalitet. Deltakarane får praktiske tips og triks om bruk av bilete og video som skaper engasjement, og om kva slags «tone of voice» som fungerer på LinkedIn. Kurshaldarane går òg gjennom korleis algoritmane verkar, og korleis ein kan bruke dei til sin fordel, samt korleis ein nyttar LinkedIn Jobs på ein effektiv måte.
Alle deltakarar får òg tilbod om ein halvtimes individuell rådgjevingstime med Omega 365 Design i etterkant. Der får dei høve til å gå gjennom LinkedIn-profilen, innhald eller strategi, og få råd tilpassa deira behov.
* Det stod først at kurset skal vere tysdag 2. desember. Kurset har blitt flytta til onsdag 7. januar. Saka blei oppdatert laurdag klokka 23.02.