Verneombod Vigleik Gutubø (t.v) og tillitsvalt Arve Ribesen.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Brannberedskap
Kritiske til ny brann-plan
Tiltaksplanen som blei publisert i ei pressemelding 16. mai skal opp til behandling i formannskapet onsdag 29. mai. Planen er utarbeidd av EBR og kommuneleiing. Den blei presentert for styringsgruppa, stasjonssjefane, verneombod og tillitsvalt dagen før offentleggjering. Konsulentselskapet Einang, som utarbeidde analysane som resulterte i brannordninga, fekk også tiltaksplanen til gjennomgang.
Konklusjonen er at planen ikkje får tommel opp frå verken verneombod Vigleik Gutubø eller tillitsvalt Arve Ribesen. I eit skriv til kommunedirektør Filippo Ballarin kjem det fram at dei ikkje kan sjå at tiltaksplanen i tilstrekkeleg grad følgjer opp manglar og avvik som må vera på plass for å tilfredsstilla lovkrava og den vedtekne brannordninga. Dei understrekar i brevet at dei ikkje stiller seg bak planen og at dette må vidareformidlast til politikarane som skal behandla saka.
Tida er ankepunktet