— Kritisk mangel på institusjonsplassar
Manglande kapasitet gjer at Vindafjord kommune kjøper to institusjonsplassar i Sveio.
— Det er per no kritisk mangel på institusjonsplassar i kommunen. Dette har no vara over tid, sa kommunedirektør Yngve Folven Bergesen under eit formannskapsmøte tysdag.
Kuttar ikkje plassar
Folven Bergesen fortalde at det no er overbelegg på tre av deira eigne avdelingar. Som følgje av det kjøper Vindafjord to institusjonsplassar i Sveio. Desse kostar 4.500 kroner per pasient per døgn.
— Eg tør ikkje seia noko om årsaker, sa kommunedirektøren.
I utgangspunktet skulle kommunalsjef Sigurd Gjerdevik for helse ha informasjonsrunden, men sidan han var sjuk, blei det kommunedirektøren si oppgåve. Folven Bergesen fortalde at Gjerdevik tar sikte på å koma med meir informasjon i kommunestyremøtet neste veke.
Kommunedirektøren var tydeleg på at Vindafjord ikkje planlegg å kutta i talet på institusjonsplassar i samband med prosjektet som utforskar om dei skal gå ned frå to til éin sjukeheim i kommunen. Han viste til Gjerdevik sitt lesarinnlegg i Grannar nyleg. Vindafjord har i dag to sjukeheimar, Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet i Vats.
I budsjettet for 2025 vedtok kommunestyret å bruka 1,5 millionar kroner på å kartleggja og potensielt planleggja å leggja om til éin sjukeheim. Grunna kapasitet er Vindafjordtunet det mest aktuelle alternativet. Konsulentselskapet Agenda Kaupang tok i ein rapport til orde for å leggja om sjukeheimen i Ølen til heildøgnsbemanna omsorgsbustader.
Gjerdevik sitt innlegg:
Krevjande overligning
Ein konsekvens av manglande kapasitet er såkalla overligging. Når utskrivingsklare pasientar blir liggjande på sjukehus i påvente av eit kommunalt tilbod, blir det kalla overliggardøgn.
For slike døgn fakturerer norske helseføretak kommunane eit fast beløp, som kommunedirektøren talfeste til 5.981 kroner. Folven Bergesen informerte om at det har vore overliggarar frå Vindafjord på kommunalt akutt døgntilbod (KAD) i Tysvær. Det betyr i praksis at dei har behov for fleire plassar enn dei i utgangspunktet kjøper, og må betale ekstra for dei. Jamt over har det vore fleire overliggarar på sjukehus, både frå Vindafjord og generelt.
— Dette stressar heile samhandlingsarbeidet mellom helseføretak og kommunar, og internt, sa Folven Bergesen.
Han presenterte ein oversikt over overliggedøgn frå 2012 til 2025. Ho viste ein auke frå 1.340 døgn i 2012 til 2.571 i 2024. Talet har variert ein del i perioden og var på sitt høgaste med 3.737 i 2019. Vindafjord hadde 66 overliggardøgn i januar og 59 i februar 2025. Tala er henta frå Helse Fonna.