Brannberedskap
Kritikk mot manglande gjennomføring av brannvedtak
Tillitsvalde ved Etne stasjon hadde levert ei fråsegn til politikarane der dei tok avstand frå framlegget til kommunedirektøren om å vidareføra kjøp av brannleiing og overordna vakt frå eksterne aktørar.
Uttalen frå dei plasstillitsvalde på vegner av medlemmene i Fagforbundet ved Etne stasjon blei lagt fram i partsamansett utval av hovudtillitsvalt i Fagforbundet, Anette Carola Backasch, tysdag. I uttalen kom det fram at medlemmene var sterkt imot kjøp av tenester og sentrale funksjonar i brann- og redningstenesta, som brannsjef og overordna vakt. Desse tenestene blir per i dag kjøpte av Sauda kommune. Plasstillitsvalde peikte på at dette både handla om arbeidsmiljø og om tryggleiken for innbyggarane i Etne.
Medlemmane reagerte òg på at den politisk vedtekne brannordninga frå 12. juni 2023 ikkje var nemnd i kommunedirektøren sitt framlegg. Det blei peikt på at ordninga bygde på ei risikovurdering og skulle setja standard for både førebygging og operativ beredskap. At denne ikkje var referert til i saksframlegget, meinte dei skapte mistillit til administrasjonen i Etne kommune.
Uttalen gav uttrykk for at konflikten med den noverande brannsjefen blei brukt som ei avsporing frå hovudsaka, som dei meinte var gjennomføring av vedteken brannordning. Vidare hevda brannmannskapet at det i saka som skulle opp i formannskapet, blei skapt eit inntrykk av at fagforeininga støtta eksternt kjøp av tenester – noko dei tillitsvalde tok avstand frå.