Kristian var 100 gram frå siger – Lego-Gregor samla små og store
Dei tre unge gutane Erik Furseth (12), Aslak Ottøy Vestbø (12) og Kristian Ottøy (15) stortrivst med å fiska i sjøen, og det var ikkje småtteri dei dei fekk halt på land. Fiskekonkurransen under Kystkulturdagane i Sandeid er for mange eit høgdepunkt, og kvart år samlar han små og store ved fjorden eller langs kaien, med fiskestang, redningsvest og håp om napp. Dei tre unge gutane var blant dei som deltok, og Kristian Ottøy hadde vore ute med båt sidan klokka ni denne morgonen.
— Eg var berre 100 gram frå å fått den største fisken, fortel Kristian Ottøy, som trass skuffelsen ser lyst på det.
— Eg pleier å vere her, og det er veldig kjekt med fiske og at det blir ein konkurranse ut av det, legg Ottøy til.