Kristian Tørresdal har tenkt på å laga treningssenter i over to år. No er det klart.
Foto: Ragnhild Kristine Løkken
Kristian (39) opna nytt treningssenter i Skjold
Kristian Tørresdal sakna ein stad å trena, og tok derfor saka i eigne hender.
For to år sidan slutta Kristian Tørresdal av byggefirmaet sitt, og sto igjen med eit stort og tomt lokale.
Han hadde allereie då ein tanke om kva han kunne bruke plassen i lageret til.
— Eg har lenge sakna ein stad der eg kunne trena, og det veit eg at eg ikkje var åleine om. Så då eg sto igjen med tomt lokale var det berre å hiva seg rundt og laga ein gym, fortel Kristian.