Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

AUF, Senterungdommen og Fagforbundet Ung krev at Ap og Sp får tannhelsereforma på dagsordenen under regjeringsforhandlingane. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
AUF, Senterungdommen og Fagforbundet Ung krev at Ap og Sp får tannhelsereforma på dagsordenen under regjeringsforhandlingane.

Krav om tannhelsereform

NPK-NTB: Både AUF, Senterungdommen og fagrørsla krev at regjeringsforhandlingane i Hurdal får tannhelsereforma på programmet.

— Vi forventar at ein får det med i ei regjeringserklæring og startar på arbeidet med å setje i verk ei offentleg tannhelsereform, seier Victoria De Oliveira, leiar av Fagforbundet Ung, til VG.

Også leiarane av AUF og Senterungdommen krev at dei to moderpartia leverer ei ny velferdsreform.

— Eg håpar at ein i regjeringserklæringa i alle fall seier at ein ønskjer ei tannhelsereform, og at ein kan starte innfasinga for nokre grupper, seier AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem.

Torleik Svelle, leiar av Senterungdommen, seier at han håpar at Hurdalskameratane» kjem i gang med arbeidet og byrjar å sjå på korleis ei tannhelsereform kan sjå ut.

Begge partia har med i partiprogramma sine at dei ønskjer ei offentleg tannhelsereform. Arbeidarpartiet har òg lova i hundredagarsplanen sin at dei vil starte på ei slik reform, skriv VG.

Men ei tannhelsereform vil vere kostbar, og det vil krevje tøffe prioriteringar i statsbudsjetta.

Powered by Labrador CMS